Hopp til hovedinnhold
Logo – Kalkmølla Kulturstasjon
Søk

 

Torsdag 21. november kl. 19:00

Duoen Vestavill og Atle Sponberg

Temperaturendringar – øyhopping frå Cuba til Island

To øyer –  nummer 17 og 18 på lista over verdas største – i kvar sin ende av den livsviktige Golfstraumen. Cuba med 11 millionar og Island med berre 380 000 innbyggarar. Ei varm og ei kald øy. Eller vent! Island er også varm, berre på innsida.

Ingibjörg Haraldsdottir (1942-2016) skreiv dikt om Island, Cuba, øyer, utferdstrong og kvinner. Trygve Brøske har tonesett nokre av dikta i ei fargesprakende musikalsk drakt – eit energisk kulturkrasj mellom Island, Cuba og Norge.

Duoen Vestavill (sopran Ingvill Holter og pianist Marita Kjetland Rabben) har invitert fiolinist Atle Sponberg til samspel, og saman urframfører dei verket denne hausten.

På programmet står også eit utval cubanske og islandske låtar. Regissør/forfattar Marianne Meløy har saman med Vestavill skrive underfundige tekster som bind det heile saman.

Konsertforestillinga står i spenn mellom Cuba og Island (og alle øyene i mellom). Førebu deg på både frysningar og heitetokter!

Billettene kjøpes på ticketco: https://ingvillholter.ticketco.events/no/nb/m/e/temperaturendringar__oeyhopping_fraa_cuba_til_island

Velkommen til Kalkmølla 21. november kl. 19:00!

Vi støtter Kalkmølla Kulturstasjon

Logo for samarbeidspartner.
Logo for samarbeidspartner.
Logo for samarbeidspartner.